Kajakkvelt i Øygarden: To er komne på land, søker etter ein tredje
3.5.2025
To kajakkpadlarar er komne på land etter dei velta i Hjeltefjorden utanfor Ågotnes i Øygarden kommune, melder 110 Vest. – Ein av dei er komen på land og har meldt ifrå til naudetatane. Den andre er henta opp av redningshelikopter, seier Tore Fanebust i 110 Vest. Det har vore tre kajakkar ute, der to av dei har velta, fortel pressevakt ved Hovudredningssentralen. Skadeomfang er foreløpig ukjent. Den tredje søker dei framleis etter. – Det er uvisst om vedkomande har fått med seg at dei to andre har velta, og korleis det går med vedkomande, seier Fanebust i 110 Vest. Redningsaksjon held på, med både naudetatar, redningshelikopter og sivile fartøy, melder politiet.