Ber tingretten om å forby Nordic Mining dumping i Førdefjorden
26.8.2025
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ber tingretten om å forby gruveselskapet Nordic Mining å dumpe avfall i Førdefjorden mens rettsprosessane held på. Kravet kjem to veker etter at Borgarting lagmannsrett slo fast at dumping av gruveavfall i Førdefjorden er ulovleg. – No som vi har vunne i lagmannsretten, må vi for ein kvar pris unngå ny Fosen-sak, både av omsyn til livet i fjorden og tillit til rettsstaten. Dommar skal følgjast, seier leiar Truls Gulowsen i Naturvernforbundet i ei pressemelding. Organisasjonen er skuffa over at regjeringa ikkje har trekt tilbake utsleppsløyvet etter dommen, og fryktar at Nordic Mining vil auke produksjonen og deponeringa av gruveavfall. – Men sidan regjeringa ennå ikkje har følgt opp, ser vi inga anna moglegheit enn å gå til retten, seier leiar Sigrid Hoddevik Losnegård i Natur og Ungdom. Staten har frist til 15. september med å avgjere om dei vil anke saka.