Trump er førebudd på å innføre økonomiske sanksjonar mot Russland
26.8.2025
USA sin president Donald Trump har uttalt at han er førebudd på å innføre økonomiske sanksjonar mot Russland dersom Putin ikkje går med på ei våpenkvile, melder Reuters. – Vi ønsker ein slutt. Vi har økonomiske sanksjonar. Eg snakkar om økonomiske, ettersom vi ikkje kjem til å gå inn i ein verdskrig, seier Trump melder Reuters. Trump har nyleg møtt Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj og Russland sin president Vladimir Putin kvar for seg. Fredag sa Trump at det er vanskeleg å få til eit møte mellom dei to presidentane.