Fleire drepne i nytt angrep i Darfur
28.8.2025
Minst 24 personar skal vere drepne og over 50 såra etter eit nytt angrep frå RSF mot byen El Fasher i Darfur-regionen i Sudan, melder NTB. Angrepet skal ha treft Awlad al-Reef nabolaget og ein sentral marknadsplass i byen, ifølge Sudan Doctors Network melder NTB. 15. april 2023 braut det ut blodige kampar rundt hovudstaden Khartoum mellom regjeringsstyrkar og den paramilitære gruppa RSF. Fleire våpenkviler har blitt brote. Fleire millionar er drivne på flukt, og faren for hungersnød er stor ifølge FN.