Brann under kontroll i Fyllingsdalen
2.10.2025
Ei kvinne er frakta til sjukehus med brannskader etter at det begynte å brenne i eit bustadkompleks i Fyllingsdalen i kveld. Helsetilstanden er ukjent, opplyser Knut Dahl-Michelsen, operasjonsleiar i Vest politidistrikt. I tillegg får tre personar tilsyn av helsepersonell etter å ha pusta inn røyk. Dahl-Michelsen opplyser at det bor omtrent femti personer i bygget. Klokka 21.11 melder brannvesenet at brannen er under kontroll. Brannvesenet fekk melding om ein automatisk brannalarm klokka 20.51 – Vi fekk først melding om at det var mykje røyk på staden, men så kom det telefon frå staden som bekrefta at det var brann, seier Børre Brekkvassmo i 110 Vest.