«Amy» herjar i fleire land
4.10.2025
I Sverige har det sendt ut oransje farevarsel på vest- og sørkysten på grunn av stormen «Amy». Det er meldt om tre i vegbanen fleire stader, og nesten all togtrafikk er innstilt i Skåne. Øresundbrua er open, men reisande som ikkje likar vind, blir rådde frå å køyre over brua, som kan bli stengt på kort varsel. I Danmark er det også sterk vind og mykje nedbør. Det har ført til redusert framkome på vegane, innstilte ferjer og togavgangar som er innstilte eller blir køyrde med redusert hastigheit. I Storbritannia har «Amy» ramma hardare og raskare enn ein hadde rekna med, skriv The Guardian. Det er det verst i Nord-Irland og Skottland, der fleire vegar er stengde. I Irland har ein mann mista livet i stormen.
Ekstremværet «Amy» treffer snart Østlandet - Statens vegvesen anbefaler å la bilen stå(www.nrk.no) 3.10.2025