Egypt avviser grense-avtale med Israel
3.12.2025
Egypt avviser å ha inngått ei avtale med Israel om grenseovergangen i Rafah mellom Gazastripa og Egypt. Det melder nyheitsbyrået AFP. Det israelske militæret sa i dag at grenseovergangen vil opne ein av dei neste dagane, slik at folk på Gazastripa kan reisa til Egypt. Militæret sa vidare at det var inngått ein avtale med Egypt om dette. Ein talsmann for egyptiske styresmakter seier dei insisterer på at grensa må bli opna begge veger, og ikkje berre ut av Gazastripa.
Grenseovergangen i Rafah på Gazastripen åpner på lørdag, opplyser kilder til AFP(www.nrk.no) 31.1.2025