Miljøorganisasjonar: Seier ja til ny runde i retten etter nederlag om Førdefjorden
3.12.2025
Naturvernforbundet og Natur og Ungdom kjem til å gå for ein ny runde i retten der dei ber om mellombels stans i gruveverksemda for å hindre mogleg skade på Førdefjorden. Det vart klart på behandling i landsstyret onsdag kveld. – Vi har stor tru på at vi skal vinne denne saka, slik at det blir forbod mot gruvedumping til saka er ferdig behandla, seier Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet. Borgarting lagmannsrett har tidlegare slått fast at staten sitt ja til sjødeponi er ugyldig, men regjeringa har anka saka til Høgsterett. Miljøorganisasjonane Naturvernforbundet og Natur og Ungdom kravde tidlegare i haust såkalla midlertidig forføyning fram til saka er endeleg avgjort i Høgsterett. Sogn og Fjordane tingrett avviste kravet i november. – Det er fleire openberre feil i dommen, og dei skyhøge sakskostnadene bryt med Århuskonvensjonen. Dette er ein dom som svekker naturens rettstryggleik fordi den legg lista for å ta miljøsaker til retten enda høgare. Ein slik dom kan ikkje bli ståande, seier Gulowsen. Miljøorganisasjonane måtte også betale sakskostnader på 2,5 millionar kroner til Nordic Minings dotterselskap Engebø Rutile and Garnet.
Miljøorganisasjonar: Seier ja til ny runde i retten etter nederlag om Førdefjorden(www.nrk.no) 3.12.2025
Miljøorganisasjonar: Seier ja til ny runde i retten etter nederlag om Førdefjorden(www.nrk.no) 3.12.2025
Ny rettsavgjer i Førdefjorden-saka: Tingretten seier ja til sjødeponi inntil vidare(www.nrk.no) 10.11.2025
Efta-domstolen gir Naturvernforbundet og Natur og Ungdom medhold i Førdefjorden-søksmål(www.vg.no) 5.3.2025