Til sjukehus etter trafikkulykke i Sande
7.12.2025
Ein bilførar blir frakta til Volda sjukehus med ambulanse etter ei trafikkulykke på Skredestranda i Sande kommune på Sunnmøre. Føraren skal vere ein mann i 40-åra. Politiet opplyser at det er uklart kva skadegrad han har, men at vedkomande skal ha vore oppegåande då naudetatane kom til staden. Politiet startar ei etterforsking av saka. Det skal ha vore glatt på staden. Politiet melde først at dei hadde fått informasjon om at bilen hadde snurra rundt og at det var store materielle skader. Det er mistanke om påverka køyring, opplyser politiet. Det skal ha vore ein del materielle skader på bilen og nedfall i vegbana som følge av ulykka. Trafikken blei dirigert forbi skadestaden ei periode, men klokka 13.20 var vegen opna for normal ferdsel igjen.
Person frakta til St. Olavs hospital i Trondheim etter ei alvorleg trafikkulykke i Surnadal(www.nrk.no) 11.10.2025
Skal vere alvorleg skadd etter trafikkulykke ved Freifjordtunnelen i Kristiansund(www.nrk.no) 15.10.2025