Frikjent for falsk forklaring – må møte i lagmannsretten
8.12.2025
Hamse Ali må igjen møte opp i retten, då anken frå statsadvokaten er godkjent av Gulating lagmannsrett. Det melder Bergens Tidende. Ali vart i Hordaland tingrett frikjent for falsk forklaring om ei påstått rasistisk motivert valdshending i Nygårdsparken. Statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes anka avgjerda til lagmannsretten, som no vil behandle saka på nytt. Ali vart tiltalt for falsk forklaring etter at politiet fann bevis for at han på var på ein el-sparkesykkel ein annan stad i byen. Teorien deira var at Ali skal ha falle av sykkelen og skada seg. Etter at sakkunnige nevropsykolog Knut Dalen vitna i retten og forklarte at Ali moglegvis hadde utvikla falske minner om rasistisk vald etter hendinga, bad politiadvokat Per Øyvind Valland om frifinning. Kort tid etter anka statsadvokaten avgjerda. Årsaka er at statsadvokaten meiner at Dalen si uttale ikkje vart tilstrekkeleg kvalitetssikra av Den rettsmedisinske kommisjonen.
Ber om frifinnelse i rasismesak i Nygårdsparken: – Kan ha lidd av falske minner(www.nrk.no) 22.10.2025
Nevropsykolog om mann tiltalt for falsk forklaring: – Kan ha lidd av minnetap(www.nrk.no) 22.10.2025