IEA: Største oljeavbrot i historia
12.3.2026
Krigen i Midtausten fører til det som kan vere det største avbrotet i global oljeforsyning nokon gong, ifølge det internasjonale energibyrået (IEA). Oljeflyten gjennom Hormuzsundet har stupt frå rundt 20 millionar fat per dag før krigen til nesten ingenting. Samla oljeproduksjon i Golflanda er kutta med minst 10 millionar fat dagleg. IEA anslår at global oljeforsyning vil falle med 8 millionar fat per dag i mars. Samstundes har medlemslanda i energibyrået blitt einige om å frigi 400 millionar fat olje frå beredskapslager for å stabilisere marknaden.