Terrengbrann ved bustadhus på Espevær i Bømlo
15.4.2026
Politiet har fått melding om ein terrengbrann på Espevær i Bømlo kommune. – Det er eit bål som ein har mista kontroll på, seier innsatsleiar Frode Sagvaag i Bømlo brannvesen. Det brenn ved sidan av eit bustadhus, på eit område på om lag 100 kvadratmeter. – Men det er ingen folk inne i huset, seier Sagvaag. Det er sendt ut brannmannskap frå både Espevær, Bremnes og Langevåg, som har starta sløkking. – Det er spreiingsfare, opplyste Nina Bru Nevøy i Sør-Vest politidistrikt klokka 20.30. Klokka 21.19 opplyser dei at det framleis ikkje er kontroll på brannen, men at spreiingsfaren er over. Politi er også på veg.