Hizbollah nektar for å stå bak angrep mot FN-soldatar
18.4.2026
Hizbollah i Libanon nektar for å ha noko å gjere med drapet på franske FN-soldatar i Libanon, skriv Reuters, Ein soldat blei drepen og tre skadde i angrepet. Frankrike har uttalt at det var Hizbollah som sto bak angrepet. Ifølge Unifil var soldatane i ferd med å rydde eksplosiv langs ein veg i Sør-Libanon då dei blei angripne. Libanesiske styresmakter har fordømt angrepet, og seier at dei vil straffe dei som står bak angrepet.