Storm og Emma viser fram kjærleiken
19.4.2026
MGP-artistane Leo Davidi «Storm» Sundli og Emma Gunnarsen har funne kjærleiken. Dei melder dette ut på Emma sin Instagram søndag ettermiddag. – Leo har ingen kommentar til dette utover det bildet som er delt, seier manageren hans, Celine Høie, til NRK. Sundli og Gunnarsen blei gode vener under Melodi Grand Prix-finalen på Lillehammer tidlegare i år. Dei to artistane har tilbragt mykje tid saman etter MGP-finalen, sjølv om begge to satsar hardt på band- og solokarrierer.