Mot historisk lave nivå i kraftmagasina
21.5.2026
På grunn av lite nedbør og lite snø er det no svært lite vatn i magasina for vasskraftverka i Sør-Noreg. Fyllingsgraden er på om lag 30 prosent, seier Leiv Ingve Ørke, konserndirektør for fornybar energi i Lyse. – Vassmagasina er lave. I tillegg er det lite snø i fjellet, og det gjer at vi nærmar oss historisk lave nivå i forhold til magasinsituasjonen, seier Ørke. Ikkje sidan 1996 er det registrert så lite snø i fjellet, difor importerer Noreg sol- og vindkraft frå Europa gjennom straumkablane til kontinentet. Dermed er det dei utskjelte straumkablane som reddar straumsituasjonen i Noreg: – Forsyningstryggleiken no er langt betre enn den ville vore for 30 år sidan, nettopp fordi vi har betydeleg import på dagtid. Vi såg også i vinter at det var tung import i februar då det var kaldt, seier Ørke. (Bildet er frå eit av landets største magasin, Blåsjø, i 2024 då det også var lågt nivå)
Ønsker seg dyrere kraftpriser i nord: Vindkraftverk har stått stille siden april(www.nrk.no) 19.9.2025
Nord-Norge: Enorme mengder vann renner gjennom kraftverkene uten å produsere strøm(www.nrk.no) 6.9.2025