Israel har angripe forstad til Beirut
7.6.2026
Israel har angripe ein av dei sørlege forstadane i Beirut, hovudstaden i Libanon, opplyser statsminister Benjamin Netanyahu sitt kontor søndag. Det melder nyheitsbyrået AFP. – I samsvar med direktiva frå statsminister Netanyahu og forsvarsminister Katz, har Det israelske forsvaret nettopp angripe eit militant kommandosenter i distriktet Dahiyeh i Beirut, uttalte kontoret. Det libanesiske statlege nyheitsbyrået National News Agency melder at angrepet var retta mot to leilegheitar i to ulike bygg. Fleire skal vere skadd. Angrepet skal vere eit svar på Hizbollah sine angrep mot israelsk territorium.