← Tilbake

Svenneby (H): Vil frigjere pride frå FRI

10.6.2026
Høgre sin nestleiar Ola Svenneby meiner pride bør bli frigjort frå organisasjonen FRI. Han meiner diskusjonen om pride er usunn, og at det då er foreininga sitt ansvar å finne ein felles grunn. – Eg trur at om me hadde gjort pride-arrangementa til ei stifting, så hadde diskusjonen blitt litt sunnare, seier Svenneby. FRI forstår ikkje kritikken. – Me tenkjer at det er ein gode at pride-arrangementa har ein tilknyting til oss, rett og slett fordi me er knytt til meiningsdemokratiet og den skeive befolkninga, seier FRI-leiar Stephen Adom. Han aviser at FRI er for kontroversielle og står i vegen for ein samlande pridefeiring. At homofile Svenneby ikkje kjenner seg representert av FRI, synst Adom er dumt. – Det synst me er veldig synd. Me jobbar trass alt for alle skeive, og det har me gjort i 76 år.
Svenneby (H): Vil frigjere pride frå FRI(www.nrk.no) 10.6.2026
Frp-politiker anmeldt etter økse-kommentar(www.vg.no) 28.5.2025

Zeitgeist

Saker