USA: Domstol stoppar gjennomgang av sendelisensen til ABC
26.11.2026
Ein føderal domstol krev at det amerikanske medietilsynet Federal Communications Commission (FCC) stoppar gjennomgangen av sendelisensen til ABC, melder AFP. Domstolen meiner FCCs gjennomgang kan vere i strid med den amerikanske grunnlova. ABC gjekk til sak mot FCC i midten av august fordi dei meinte ein tidlegare gjennomgang av lisensen var ei gjengjelding for innhald som hadde opprørt president Donald Trump.